Osterøy IL - Sportsplan - Flipbook - 7
Sportsplan OIL Fotball
Osterøy Fotball – eit optimalt sportsleg
og sosialt tilbod til alle!
DETTE ER VISJONEN ME ARBEIDAR ETTER, OG KAN OPPSUMERAST I FYLGJANDE MÅLSETTINGAR:
•
Rekruttera så mange barn som mogeleg til fotballspel
•
Behalda så mange som mogeleg i klubben så lenge som mogleg
•
Skapa trivnad og samhald i heile klubben
•
Skapa ei sterk klubbkjensle hjå alle spelarar, trenarar og leiarar
•
Skapa eit a-lag av lokale spelarar
•
Utvikla spelarar som tek steg til høgare nivå frå våre ungdoms- og seniorlag.
•
Vere ein viktig samfunnsaktør med positiv aktivitet og ein møteplass i nærmiljøet på tvers av
årsklasser
HEILE DENNE PLANEN KAN SJÅAST PÅ SOM TILTAKA VÅRE FOR Å NÅ DESSE MÅLA, MEN ME VIL TREKKJA
FRAM FYLGJANDE HOVUDTILTAK:
•
Ha ein gulgrøn tråd i alt arbeid frå 6 år til senior
•
Mogelegheit for trening med utdanna trenarar òg i barnefotballen
•
Arbeide aktivt for å fremja gode haldningar hjå alle spelarar, trenarar, føresette og leiarar i klubben
•
Ha gode breddetilbod i alle aldrar
•
Ivareta det sosiale miljøet på tvers av differensierte grupper
•
Høg kompetanse hjå trenarar i ungdomsfotballen
•
Aktiv hospitering av dei beste spelarane til eldre lag slik at spelarane i størst mogeleg grad ligg i
flytsona
•
Aktiv og riktig bruk av differensiering i trening
•
At ein kvar spelar skal kunna nå det maksimale nivået sitt både på og utanfor bana.
Side 7 av 59