Osterøy IL - Sportsplan - Flipbook - 48
Sportsplan OIL Fotball
CUPVEILEDAR
HENSIKT
Cupveiledaren skal rettleia trenarar og støtteapparat i Osterøy IL, fotballgruppa til å ta rette val i forhold til
klubben si målsetjing.
Klubben har som hovudmål å få flest mogleg spelarar til å vera med lengst mogleg. I enkelte tilfelle skal me
òg leggja til rette for at enkeltspelarar kan hospitera opp eller til andre lag for eiga utvikling.
BAKGRUNN
Me ser at ulike former for cupdeltaking medfører konsekvensar for born og ungdom sin motivasjon til å spela
fotball. Gode løysingar aukar motivasjonen, medan mindre gode løysingar kan medføra at spelarar sluttar av
feile årsaker.
Me opnar for at spelarar med dei rette forutsetningane skal få anledning til å spela fotball på eit nivå som
utfordrar dei. Dette skal godkjennast av Sportsnemda.
HOVUDREGLAR FOR CUPDELTAKING
Barnefotball 5-12 år
All cupdeltaking skal ha ein sosial profil. Det medfører at alle reiser på cup, alle skal ha nokolunde lik speletid
og resultat er underordna.
Ungdomsfotball 13-19 år
All cupdeltaking skal i hovudsak ha ein sosial profil. Det medfører at alle reiser på cup, alle skal ha
nokonlunde lik speletid og resultat er underordna.
Ein opnar likevel for at ein kan spela for eit godt resultat i utslagsrundar. Det vert likevel understreka at ein i
innleiande rundar skal fordela speletid.
UNNTAKSREGLAR FOR CUPDELTAKING
Historia viser at det med ujamne mellomrom kjem opp spørsmål om deltaking i såkalla elitecupar. I slike
cupar er det vanleg å forsterka laget med spelarar frå andre klubbar, eller at Osterøy-spelarar forsterkar
andre lag.
Utan unntak skal slik cupdeltaking opp til godkjenning i Sportsnemda.
Side 48 av 59