Osterøy IL - Sportsplan - Flipbook - 44
Sportsplan OIL Fotball
JUNIOR- OG SENIORFOTBALL
JUNIOR (17-19 ÅR)
MÅL
•
Oppretthalda gode tilbod til alle spelarar – både for satsings og breiddefotball.
•
Utvikla spelarar til a-laget til klubben
RETNINGSLINJER
Alt det sportslege opplegget i juniorlaget skal vera i tråd med a-laget. Hovudtrenar for a-laget skal
vera med å styra dette. Spelestil skal vera mest mogleg identisk og veka til juniorlaget planleggjast i
tilhøve til a-laget sitt. Juniortrenaren har ansvar for den totale belastning til spelarar som òg deltek
på aktivitetar med seniorlaget.
SENIOR
Som sagt tidlegare i planen ynskjer Osterøy Fotball å leggja til rette for at spelarar kan utvikla seg til øvste
nivå. Då må vi ha eit a-lag på høgt nivå, som både gir dei unge spelarane nok å strekkja seg etter i eigen
klubb, og det fungerer som eit lokomotiv som dreg med seg resten av klubben. Det er eit ynskje å ivareta
gode breiddetilbod for vaksne i form av B-lag, old-boys- og veteranlag, utan å omtala aktiviteten i desse laga
nærare.
MÅL
Innan 5 år skal me etablerast i 3. divisjon med ein stall beståande av spelarar frå Osterøy.
RETNINGSLINER
• Spesielle talent skal få prøva seg på enkelte a-lagstreningar for å få ein referanse i tilhøve til nivå.
• A-laget skal ha ein offensivt fundert spelestil, basert på tekniske og kreative spelarar. Dette igjen
for å skapa ein godutviklingsarena for spelarane. A-laget vil i så måta òg vera eit forbilete for yngre
lag.
Side 44 av 59