Osterøy IL - Sportsplan - Flipbook - 41
Sportsplan OIL Fotball
«OSTERØYSPELAREN»
Det er ein floskel, men spelarane bør no byrja å ta ansvar for sin eiga utvikling.
trenaren bør la spelarane ha innverknad på opplegget.
Teknisk trening skal enno ha svært høg prioritet. Spelarane skal vidareutvikla
og automatisera alle dei tekniske ferdigheitene dei har vore innom
barnefotballen. I løpet av desse åra skal spelarane ha automatisert alle
teknikkar som Osterøy Fotball ynskjer at sina a-lagsspelarar skal beherska.
Spelarane skal ikkje introduserast for særleg mange nye taktiske tema.
Dei taktiske ferdigheitene skal i stor grad verta vidareutvikla frå læringa i førre
aldersgruppe (sjå tilsvarande avsnitt i 13-14 år for nærare skildring).
I løpet av desse åra skal spelarane ha forståing for alle taktiske ferdigheiter som Osterøy Fotball ynskjer at
sina a-lagsspelarar skal beherska.
KVA SKAL LÆRAST?
Haldningar
•
Osterøykontrakten skal underskrivast og verta fylgd
•
Spelaren skal møta i god tid på trening og kamp med Osterøytøying, fotballsko, leggskinn og
restitusjonsmat
•
Toleranse for andre sine- og eigne feil. Ikkje kjefting
•
Respekt for medspelarar, trenarar, dommarar og motstandarar
•
Spelarane skal ha ansvarskjensle ovanfor utstyr – eige og laget sitt.
•
Spelarane skal rullere på å ha ansvar for utstyret til laget.
•
Spelarane skal ha medråderett for eigen treningskvardag
•
Spelaren skal møta på trening med eit klart mål om å utvikla ferdigheitene sine i løpet av treninga
Individuelle ferdigheter (trinn 1 & 2 i fotballpyramiden)
•
Kroppsbehersking
•
Snøggleikstrening, spensttrening, stabilitetstrening
•
Utholdenhetstrening implisitt i øvingar med ball
•
Ballmestring – auka krav til frekvens og blikk
Side 41 av 59