Osterøy IL - Sportsplan - Flipbook - 35
Sportsplan OIL Fotball
•
På nemnde foreldremøte skal haldningskontrakten,
(”Osterøykontrakten”) delast ut. Denne skal føresette gå gjennom
med barnet, skrive under og returnera til trenar.
•
Det skal minimum være 3 treninger veka gjennom heileåret
KVARDAGEN TIL TRENAREN
•
Trenaren skal ikkje nytta rusmiddel i samband med trening og kamp
•
Trenaren skal vera ute i god tid og gjera klårt til treninga.
•
Alle friske spelarar som er teke med til kamp, skal spela minimum èin omgang
•
Trenaren skal gje mykje vert ros. Jobb for å skapa eit godt miljø der det er lov å feila
•
Treningsøkten skal ha klart definerte læringsmål, og coaching skal fokusera på dette.
•
Trenaren skal oppmuntra til egentrening på fritida
•
Trenaren skal gjennomføra ein personleg samtale med kvar spelar. Fokuset bør vera på spelarens
eigne synspunkt på trivsel og eigen ferdigheitsutvikling.
•
Spelarens utvikling går føre interessene til laga i fht hospitering
•
Trenaren skal senda inn årsrapport etter kvar sesong.
•
Frist er utgangen av oktober kvar haust.
•
Trenarar skal stilla i treningsutstyr
•
Skal vera jamleg dialog med sportsleg leiar
•
Klubb og sportsleg leier kan bryta inn mot trenarar som ikkje passar inn i profilen til klubben angjeve
av denne planen
•
Trenaren skal møta opp på trenarforum
•
Det skal visast fleksibilitet ovanfor andre idrettar
«OSTERØYSPELAREN»
Spelarane skal forstå oppgåvene til individet for å få laga til å fungera på og utanfor banen. Gjennom dette
skal dei òg vidareutvikla medvitet i tilhøve deltakinga si i Osterøy Fotball.
Teknisk trening skal enno ha svært høg prioritet. Spelarane skal vidareutvikla og automatisera alle dei
tekniske ferdigheitene dei har vore innom i barnefotballen.
Side 35 av 59