Osterøy IL - Sportsplan - Flipbook - 32
Sportsplan OIL Fotball
Ungdomsfotball (13-16 år)
GENERELLE MÅL:
•
Alle skal ha det gøy og føla seg inkludert
•
Det kan differensieres på spilletid ut fra følgende faktorer:
a. Treningsoppmøte. Annen treningsaktivitet (eks håndball) skal
telle som trening når det gjøres prioriteringer på spilletid.
b. Iver/motivasjon
c. Ferdighet
d. Holdninger/oppførsel e. Kampmotstander
•
Alle spelarar skal forplikta seg til ein haldningskontrakt
•
Alle trenarar skal delta på trenarforum
•
Alle trenarar skal verta nøye innført i denne sportsplanen, og pliktar å følgja denne
•
Trenarar skal oppfordrast til å gjennomføra eksterne kurs
•
Klubben skal marknadsføra offisielt Osterøyutstyr, og støtteapparatet skal oppfordra til å bruka dette
i kamp- og treningssituasjon
•
Spelarane vert oppfordra til å driva uorganisert fotball på fritida
•
Klubben skal gje interesserte spelarar høvet til å verta dommarar
•
Klubben skal aktivt rekruttera eigne spelarar til trenarjobbar og gje dei tilstrekkeleg oppfølging
•
Klubben skal ha gode tilbod til alle ungdomar som spelar fotball mest av sosiale grunner
•
Klubben skal leggja til rette så det er mogleg å utvikla seg til å verta toppspelar i Osterøy.
NIVÅPÅMELDING
•
Nivåpåmelding i serie og cup skal nøye vurderast og diskuterast i sportsnemd i samråd med lagets
trenar og støtteapparat. Dette kan variere kvart år grunna ulike nivå på årskulla, og det avhenger
veldig kva alternative kamparena dei forskjellige spelarane har. Det vil også kunne variera om
klubben stiller eit eller to lag i same årsklasse. Osterøy har som tradisjon å forankre dette godt, og
har erfaringsmessig lykkast godt med denne type involvering av fleire partar.
SPELESTIL
•
Osterøys lag skal spela offensiv fotball – målet er til kvar og ei tid å scora
Side 32 av 59