Osterøy IL - Sportsplan - Flipbook - 27
Sportsplan OIL Fotball
•
Trenaren skal stilla på trenarforum
•
Trenarar skal senda inn årsrapport etter kvar sesong. Frist er
utgangen av oktober kvar haust.
•
Klubb og sportsleg leiar kan bryta inn mot trenarar som ikkje passar
inn i profilen til klubben angjeve av denne planen
•
Det skal visast fleksibilitet ovanfor andre idrettar
«OSTERØYSPELAREN»
Spelarane vert eldre, og det er ønskeleg at spelarane no får eit meir medvite tilhøve til det å driva idrett – i
dette tilfellet fotball. Dei er enno i den motoriske gullalderen (sjå tilsvarande avsnitt i 8-10 år for nærare
skildring). I løpet av desse åra skal spelarane ha øvd på alle teknikkar som Osterøy Fotball ynskjer at sine alagsspelarar skal beherska. Dei tekniske ferdigheita skal dyrkast og vil blomstra til eit imponerande nivå.
Spelarane skal utvikla dei taktiske ferdigheita sine vidare (sjå tilsvarande avsnitt i 8-10 år for nærare
skildring), og verta lagspelarar som nyttar sine ferdig-heitar til bestet til laget.
KVA SKAL LÆRAST?
Haldningar
•
Osterøykontrakten skal underskrivast og verta fylgd
•
Spelaren skal møta tidsnok på trening og kamp med eigna treningstøy, fotballsko og leggskinn
•
Toleranse for andre sine feil og eigne feil. Kjefting vert ikkje tolerert
•
Respekt for medspelarar, trenarar, dommarar og motstandarar
•
Spelarane skal utvikla ei byrjande forståing for treningsgjennomføringa
•
Spelaren skal møta på trening med eit klårt mål om å utvikla ferdigheitane sine i løpet av treninga
Individuelle ferdigheter (trinn 1 & 2 i fotballpyramiden)
•
Kroppsbehersking
•
Snøggleikstrening – utan ball og implisitt i øvingar med ball
•
Ballmestring – auka vanskegrad. Konkurranse mot seg sjølv!.
•
Føring – tempo, kontroll, retningsforandringar
•
Vendingar – innside, utside, såla (drag, step, u-sving), Cruyff med ekstratouch, v-kutt,
stepovervending 1 & 2, slap-cut
Side 27 av 59