Osterøy IL - Sportsplan - Flipbook - 21
Sportsplan OIL Fotball
•
Spelarane som møter til kamp har tilnærma lik speletid i kampen
•
Trenaren skal la spelarane rullera på posisjonar
•
Trenaren skai gje mykje ros, kritiser aldri. Jobb for å skapa eit godt
miljø der det er lov å feila
•
Trenarar skal stilla i treningsutstyr i trening og kamp
•
Trenaren skal møta på trenarforum
•
Trenaren skal senda inn årsrapport etter kvar sesong.
•
Frist er utgangen av oktober kvar haust.
•
Klubb og sportsleg leier kan bryta inn mot trenarar som ikkje passar inn i profilen til klubben angjeve
av denne planen
•
Det skal visast fleksibilitet ovanfor andre idrettar
«OSTERØYSPELAREN»
Spelarane er i den motoriske gullalderen og tek særs hurtig til seg motorisk og teknisk læring. Dette skal difor
verta svært høgt prioritert i treninga. Det skal gjevast eit variert og rikt spekter av motoriske og tekniske
utfordringar. Spelarane vil då oppleva at dei ved trening kan læra seg kompliserte teknikkar, noko som vil
vera med på å byggja gode treningshaldningar og motivera for eigentrening. Ti år gamle spelarar har høve til
å tileigna seg alle dei tekniske ferdigheitene som vert kravt av ungdom og vaksne. Her vert fundamentet lagt
for ferdigheitene spelarane vil inneha som vaksne. Difor kallar vi denne perioden for grunnlagsperioden.
Den taktiske læringa skal fokusera på å gje ei byrjande forståing for dei offensive speleprinsippa, og
vurderingar i spelsituasjonar. Spelarane skal òg læra seg korleis dei i samarbeid med medspelarar kan auka
sjansane for å scora mål.
Side 21 av 59