Osterøy IL - Sportsplan - Flipbook - 20
Sportsplan OIL Fotball
•
Stort støtteapparat ved å inkludera føresette - flest mogleg føresette
bør ha eit ansvarsområde rundt laget.
•
Støtteapparatet skal tilretteleggja for minimum to «sosiale
treningsøkter» kor føresette skal delta. eks. frukost på klubbhuset
SLIK SKAL DET ORGANISERAST
•
I trening og kamp skal benyttas 4’ar ball.
•
Det skal ikkje avtalast å spela meir enn 5 mot 5 i kampar
•
Banestorleik i kamp (og trening) rådast til å vera ca. 30 x 20 meter.
•
Det skal gjennomførast ein avslutning på sesongen med enkel premieutdeling
•
Det skal arrangerast eit foreldremøte i forkant av kvar sesong der denne planen vert punktvis
gjennomgått
•
På nemnd foreldremøte skal haldningskontrakten («Osterøykontrakten») delas ut. Denne skal
føresette gå gjennom med barnet, skriva under og returnera til trenar/lagleiar.
•
Aktivitetsnivå: minimum 2 treningar gjennom heile sesongen. Kampar kjem i tillegg
OPPGÅVENE TIL TRENAREN
•
Trenaren skal ikkje nytta rusmiddel i samband med trening og kamp
•
Trenaren skal vera ute i god tid og gjera klart til treninga. Sjekka at utstyret er i orden – ballar pumpa,
vestar, kjegler.
•
Trenaren skal tilretteleggja for morosame og varierte treningar. Hugs at dette stimulerer til meir
fotballeik utanom organiserte treningar.
•
Treningsopplegget skal vera i tråd med retningsliner som er omtala under «Osteøryspelaren»
•
Trenaren skal stille krav til disiplin i treningsgjennomføringa
•
Trenaren skal kommunisera på nivået til borna
•
Trenaren skal ha ein roleg og trygg, men klår framtoning. Sinne og skriking fører liten veg
•
Trenaren skal samarbeida tett med årskullansvarleg og dei andre
trenarane på kullet
•
Topping skal ikkje førekoma
Side 20 av 59