Osterøy IL - Sportsplan - Flipbook - 17
Sportsplan OIL Fotball
Taktiske ferdigheter (trinn 3 i fotballpyramiden)
• Ein skal freista å sentra til kvarandre
• Ut av pasnings skygge
• Forstå at klynge ikkje lønar seg
KORLEIS SKAL DET LÆRAST?
•
Start alle øktar med fri leik med kvar sin ball i 5-10 minutt
•
Bruk berre eit knippe øvingar som då raskt vert kjent for spelarane.
•
Nivået til ein trenar vert ikkje avgjort ut frå mengd øvingar han/ho kan visa til.
•
Nytte kort tid på kvar øving og ha eit lite friminutt mellom dei
•
Spelarane skal «tvingast» til å bruka begge bein
•
Etterstrev så mange ballberøringa som mogeleg per spelar per trening
•
Alltid ein ball per spelar ved trening av ballmestring, føring, vendingar, fintar, skot. Dette gjev
maksimal mengde repetisjonar og størst rom for ulikheiter i gjennomføring (tempo &
vannskelegheitsgrad)
•
Ved innlæring av tekniske ferdigheiter bør ein ha ein progresjon i øvingane, frå null press, via
noko/passivt press, til fullt press
•
Skap gode bilete, anten ved å visa sjølv eller gje tillita til spelarar som beherskar ferdigheten best
•
Snik ferdigheitstrening inn i leik med ball ved til dømes:
•
o Hauk og due
o Haien kjem
o Stiv heks
o Nappa hale
Smålagsspel! Maks 4 mot 4 utespelarar!
•
Ikkje instruer mykje i spelet
•
Nytte enkel 2 mot 1 – trening for å skapa forståing for kva
pasningsskygge er og korleis ein kjem ut av han
•
Sørg for at spelarane scorar mykje mål kvar trening.
Side 17 av 59