Osterøy IL - Sportsplan - Flipbook - 13
Sportsplan OIL Fotball
•
Klubben skal leggje til rette så det er mogeleg å utvikla seg til å verta toppspelar i Osterøy
SPELESTIL
•
Det er lov å mista ballen, men ikkje å gje han vekk
•
Oppdra spelarane til alltid å søka konstruktive løysingar, uansett posisjon på bana og risiko
•
Risiko som begrep skal ikkje eksistera i barnefotballen– dette skal lærast seinare
•
På trening, og som oftast i kamp, skal spelet setjast i gang kort frå keeper
•
Me har ingen som står i mål i Osterøy, men derimot mange som speler i mål
•
Me har heller ingen som er angreps- eller forsvarsspelarar i Osterøy.
•
Når laget har ballen er alle i angrep, og motsatt; når det andre laget har ballen er alle i forsvar. Bruk
difor ikkje begrepa «angreps-» og «forsvarsspelarar», men i staden rollenøytrale begrep, som «front» og «bakspelarar».
•
Resultat i kampar skal alltid var underordna glede og utvikling
KEEPERTRENING
Mange meiner at keeperen er den viktigaste spelaren på bana, likevel er det denne spelaren som oftast vert
gløymt i treningsarbeidet. Dette er den rolla på bana som skil seg mest frå dei andre, og bør dermed ha eit
tilpassa treningsopplegg.
Me ynskjer å gjera den stas å vera keeper i Osterøy Fotball. Ein moderne keeper skal inneha mange av dei
same ferdigheita som utespelarane, og bør difor ikkje tas ut av gruppene til den vanlege treningane på nokon
måte. Barna skal heller ikkje trenga å ta nokon val om dei vil vera keeper
eller utespelar. Derimot bør mange øva på-, og prøve ut begge deler!
Side 13 av 59