Osterøy IL - Sportsplan - Flipbook - 9
Sportsplan OIL Fotball
Den gulgrøne tråden:
«Osterøyspelaren»
Eit overordna mål i Osterøy Fotball er å behalde så mange som mogeleg i klubben så lenge som mogeleg. For
å oppnå dette må me skapa fotballglede. Me meiner at eit målretta arbeid for å utvikla ferdighetane til
spelarane, er med på å skapa dette.
Difor skal dette prioriterast allereie frå spelarane er 6 år. I Osterøy Fotball ynskjer me ein samanheng i alt
arbeidde som vert utført – frå dei aller minste, via ungdommane, og opp til seniorlaga. Me ynskjer å stå
samla om grunnpilarane i ein filosofi om korleis me vil utvikle spelarane våre – som individ og fotballspelarar.
Bevisste og fastsette rammer for spelarutvikling, bidreg til forutsigbarheit, samhald, og gjæv grunnlag for
konstruktiv diskusjon.
Idealet og målet for spelarutviklinga har me kalla «Osterøyspelaren».
Dette idealet er då òg rettesnora for arbeidet som vert utført frå borna
som 6-åringar byrjar i Osterøy IL.
«Osterøyspelaren» har overblikk og spelforståelse som gjer han i stand til
å gjera riktige val for eige lag. Han har tekniske eigenskapar som gjer han
i stand til å utføra val, og mot og tryggleik til å forsøka konstruktive
løysingar i alle situasjonar.
«Osterøyspelaren» rører seg mykje og føremålstenleg utan ball, for å
skapa rom for seg sjølv og medspelarar, og dermed gje ballførar mange
alternative handlingsval.
Utanfor bana er «Osterøyspelaren» eit førebilete for yngre spelarar.
Spelaren set laga framfor seg sjølv. Han bidreg både til å skapa eit
positivt miljø i laget, og til å få det beste ut av sine lagkameratar.
Spelaren har til ein kvar tid klåre utviklingsmål og nyttar kvar einaste
trening til å jobba med desse. For å utvikla «Osterøyspelaren», krev eit
målretta og grundig arbeid. Denne prosessen er skildra vidare i
sportsplanen under kvart alderstrinn og i ein eigen «Gulgrøn Tråd».
Det er viktig at ein ikkje låser seg til dei punkta som er skildra til kvart
alderstrinn, men tilpassar dette til kvart enkelt lag og kvar enkelt spelar.
Dei som har kome ferdigheits messig lengst, bør introduserast for
ferdigheiter knytt til seinare alderstrinn.
Side 9 av 59