Osterøy IL - Sportsplan - Flipbook - 8
Sportsplan OIL Fotball
Osterøy IL er heimehøyrande i Lonevåg, kommunesenteret i Osterøy
kommune like nord for Bergen.
Klubben feira i 2018 sitt 100 års jubileum.
Klubben Osterøy Fotball er del av fleiridrettslaget, Osterøy IL, der
fotballgruppa ved siste årsskifte hadde 278 av idrettslaget sine 699
medlemmar.
OIL fotball er i sterk utvikling og har dei seinare åra fått innarbeidd ein
sterk og god treningskultur innan dei ulike alderstrinna. Dette har gjeve
særs positivt resultat med lågt fråfall, og dessutan gode sportslege
resultat både lagmessig og hjå enkeltspelarar.
Med innføring av sportsplan og den «Gulgrøne Tråden» vil ein
ytterlegare legga til rette for at klubben sitt trenings-arbeid skal
styrkast i tida framover.
Osterøy IL sin sportsplan fyljer NFFs retningslinjer for barne- og
ungdomsfotball – med ein samla målsetjing om «Flest mogeleg – lengst
mogeleg – best mogeleg.
Side 8 av 59