Osterøy IL - Sportsplan - Flipbook - 57
Sportsplan OIL Fotball
Differensiering i Osterøy
Tilretteleggja fotballaktiviteten ut i frå den einskilde si interesse, ferdigheiter og utvikling slik at kvar einskild
får same tilbod om same treningsmengda, men tilpassa sitt nivå slik at ein får riktig meistring og utfordring
med utgangspunkt i flytsonemodellen.
Dette kan gjerast på fleire måtar:
•
Treningsplanen Godt samarbeid mellom lag, trening på ulik tid slik at spelarar kan trena opp/ned
på dei forskjellige laga i årstrinna.
•
Press i tid og rom Nokon får meir tid og rom, andre får mindre tid og rom i aktivitetane.
•
Ulik vanskelegheitsgrad Spelarar kan for eksempel bli utfordra på å nytta ulike pasningsvalg og
ulike føringar/vendingar med ball osv.
•
Ulike læringsmoment Individuell tilbakemelding på læringsmomenta
•
Ulik aktivitet I overtalsspel er gjerne nokre grupper 4v1, mens andre er 5v2. Tilpassa ulike behov.
•
Med kven? Mot kven? Nokre gangar parer man dei med likt ferdigheitsnivå, andre gangar med
ulikt ferdigheitsnivå. Nokre gangar parer ein «angrepsspelarar» mot «forsvarsspelarar» osv..
(Ikkje «like ferdigheiter» mot kvarandre kvar gang!)
Tilpassa smålagsspel Man tilpassar antal spelarar, banestorleik, overtall/undertall, etc. for å
tilpassa spelet til tema og spelarens behov.
•
Det er viktig å påpeika at differensiering er dynamisk og kan gjennomførast forskjellig frå trening til trening.
Differensiering skal ikkje benyttast til for eksempel at ein delar inn i grupper basert på like ferdigheiter og
behalda desse over tid. Det er selektering. Fotballferdigheit er samansett, og spelarane kan ha ulike styrker:
nokon er raske, andre taklingssterke, andre kan være tekniske med ball eller ha stor arbeidskapasitet. Laga
har bruk for ulike typar! Differensiering vil sei å ta utgangspunkt i den einskilde sine styrker og svakheiter, og
organisere treninga gunstig for den einskilde og laget. Differensiering er å individualisere treninga slik at alle
opplever meistring, utfordring, utvikling og maksimal motivasjon for vidare læring. Dette endrar seg sjølvsagt
over tid.
Differensiering i kamp:
•
•
Ulik posisjonering – Ulike posisjoner stiller ulike krav.
Bytte – Kven byter med kven?
Læringsmoment og progresjon
Læringsmoment er konkrete oppgåver eller stikkord til spelaren for å gjera gode val i spelsituasjonar.
Momenta hjelper spelarane til å lære, og trenaren i å veilede og å gje tilbakemelding. Læringsmomenta er
godt forklart i dei ulike øvelsane i www.treningsokta.no og jevnleg gjennomgang på praksis i klubbens
trenerforum.
Side 57 av 59