Osterøy IL - Sportsplan - Flipbook - 53
Sportsplan OIL Fotball
sentralt i bana og rundt vårt eige mål. Me ønsker å sinka og gjennopprette balanse for å komme inn i fase F1
att.
F3: HINDRE MÅL
Fasen inntreff når motstandar er i stand til å utfordre vårt bakre ledd eller sette opp truslar mot, eller i, vårt
straffesparkfelt. Me prioriterer å hindre mål framfor å vinne ballen. Alt handlar om å vere smart i
posisjonering og valg, samt solid i sin duell.
Det er mange vegar til Rom, så også i fotball. Samstundes er det ein plattform og ein fasit i botn som er
oppsummert i spelemodellen på førre side.
Modellen viser NFFs systematisering av spelet. Overgangsøyeblikket og vidare vurdering av balanseforhold er
kjernen. Spelemodellen har tre spelfasar i angrep og tre i forsvar. Me vil til ei kvar tid vera i ein av desse
fasane. Felles forståelse av kva fase me er i, kva me ønskjer å oppnå og vidare prinsippa i spelfasane står
sentralt i vår tilnærming.
I den gulgrøne tråden i OIL skal alle kunne denne plattforma i tillegg til at me skal gå i same retning i synsinga
som vil byggja på vår målsetting og utgangspunkt.
For å ivareta den Gulgrøne tråden og for å vidareutvikle oss, vil ein halda månadlege trenarforum. Dei fleste
trenarforum vil verta halde på bana med spesifikke tema i forbindelse med andre arrangement i OIL Fotball.
Me skal utvikle spelarar i ungdomsfotball, for framtidig seniorspel som byggjer på eit gitt spelesystem.
Osterøy sine lag skal spela offensiv fotball der målet til ein kvar tid er å scora. Laga skal forsøka å «styra»
spelet og om naudsynt bruka mange trekk i laget for å skapa gjennombrot. Spelarane skal tørre å ta vare på
ballen og tenka konstruktiv i pressa situasjonar.
For G14/J14 og G16/J17 skal ein i utgangspunktet ha ein spelestil for individuell utvikling av spelarar. Ergo vil
desse laga dyrka meir individuelle ferdigheiter i forhold til junior og seniorlag som vil ha ein meir strukturell
tilnærming til sin trenings- og kampkvardag. Dette arbeidet har me kalla «Osterøymodellen» som er eit
prosjekt sportsnemda skal arbeida med i 2017.
Osterøy skal jobba vidare med den solide treningskultur som er bygd opp i klubben. I dette arbeidet er det
svært viktig å ha kunnskap og forståing av kva innverknad trening har på kroppen i forhold til overbelastning,
søvn, kosthald etc. For å ivareta dette har Osterøy ei eigen ressursgruppe leia av Manuellterapeut Martin
Hole Hanstvedt. Noko av arbeidet er oppsummert på dei neste sidene.
Side 53 av 59