Osterøy IL - Sportsplan - Flipbook - 52
Sportsplan OIL Fotball
Spelmodellen
A1: KONTROLL OG BEARBEIDING
Me vurderer at motstandar er i balanse - anten rett etter me har vunne ballen eller etter eit lengre angrep.
Me ønsker her å ta kontroll over ballen og skape posisjonell ubalanse hos motstandar gjennom hurtig og
presist pasningsspel. Målet er å komme i fase A2 - A3.
A2: INN I PRIORITERTE ROM
Fasen inntreff då me opplever at det er rom å utnytte bak/mellom ledda til motstandar. Kan inntreffe etter
ballerobring eller A1. Målet er å spele oss inn i rom som gjer oss i stand til å true motstandar sitt mål og/eller
bakre ledd (A3)
A3: SCORE MÅL
Fasen vert kjenneteikna av at me er i nærleiken av målet og/eller er i stand til å utfordre motstandar sitt
bakre ledd. Me søker å koma til avslutningar og vidare score mål
F1: GJENNVINNING, PRESSE, VINNE BALL
Me opplever at me er i ubalanse og ønsker å vinna ballen rett etter balltap eller når motstandar prøver å
bearbeide oss via balltrilling i bakre og midtre ledd. Me jobbar knallhardt for å nekte motstandar å spele på
oss ubalanse
F2: HINDRE TILGANG TIL PRIORITERTE ROM
Fasen inntreff i situasjonar der me har tapt ballen og er i ubalanse eller i situasjonar der motstandar gjennom
god bearbeiding har skapt delvis ubalanse i vårt forsvar og prøver å spele forbi ledd. Me prioriterer rom
Side 52 av 59