Osterøy IL - Sportsplan - Flipbook - 34
Sportsplan OIL Fotball
Jenter/Gutar 13-14 år (9’ar / 11’ar):
FORSTÅING
NOKRE KARAKTERISTISKE TREKK FOR ALDERSGRUPPA:
•
Store skilnader i fysisk og mental utvikling
•
Spelarane er svært rettferdighetsbevisste
•
Nokon veks kraftig i lengde
•
Spelarane vert prestasjonsbevisste
•
Motorikken er i god utvikling
•
Haldningar vert lett skapt
•
Konsentrasjonsevna er i god utvikling
•
Spelarane er ærgjerrige og lærenæme
•
Kreativiteten er i god utvikling
•
Store variasjonar i prestasjonsevna og humør hos enkelte
MÅL FOR ALDERSGRUPPA
•
Raskt etablera eit stort og sterkt støtteapparat for heile kullet
•
Nivået og motivasjonen på kullet vil avgjera kva for ein divisjon laget eller laga skal meldast på.
•
Verna eit godt sosialt miljø på tvers av treningsgrupper
•
Aktiv hospitering til eldre alderstrinn
•
I 14-årsklassen er det ein målsetning å ha 1 spelar på kretslaget.
SLIK SKAL DET ORGANISERAST
•
Trening og kampar skal gjennomførast med 4’ar ballar
•
Heile kullet skal kjøpa identisk Osterøy treningstøy
•
Laget skal reisa på minst to cupar i løpet av sesongen
•
Laget skal ha minimum tre treningsleirar/helgesamlingar saman
Side 34 av 59