Osterøy IL - Sportsplan - Flipbook - 16
Sportsplan OIL Fotball
•
Trenaren skal senda inn årsrapport etter kvar sesong. Frist er
utgangen av oktober kvar haust. Klubb og sportsleg leiar kan bryta inn
mot trenarar som ikkje passar inn i profilen til klubben angjeve av
denne planen
Det skal visast fleksibilitet ovanfor andre idrettar
«OSTERØYSPELAREN»
Mange av borna vil vera meir oppteken av leik enn læring. Me ynskjer likevel allereie her å oppnå ein
ferdigheitsutvikling. Me trur dette er med på å skapa glede, og byggjer òg gode haldningar hjå spelarane. Ein
skal etterstreva at spelarane får eit tilhøve til- og forståing for at «øving gjer meister», slik at dei får eit
positivt tilhøve til det å øva. Glede på trening er likevel overordna alt anna – i endå større grad enn for
seinare aldersgrupper.
KVA SKAL LÆRAST?
Haldningar
• Spelaren skal møta tidsnok på trening og kamp med eigna tøy til trening - fotballsko , leggskinn og
drikkeflaske.
• Lytt til instruksjonen til trenaren
• Respekt for medspelarar trenarar, dommarar og motstandarar
Individuelle ferdigheiter (trinn 1 & 2 i fotballpyramiden)
• Kroppsbehersking
• Ballmeistring
• Føring – flytta ball med kontroll
• Vendingar – innside, utside, såla. Fokus på kontroll – ikkje tempo
• Fintar – skuddfinte
• Pasningar – korte innsidepasningar både i ro og i rørsle
• Mottak – innside.
• Skot på daud/ rullande ball – visa at vrista bør brukast, elles ingen
instruksjon
Side 16 av 59