Osterøy IL - Sportsplan - Flipbook - 15
Sportsplan OIL Fotball
•
Oppfordra foreldrene til tilstrekkeleg tilstedeværelse på trening
SLIK SKAL DET ORGANISERAST
•
Det skal gjennomførast ein avslutning på sesongen med enkel premieutdeling
•
Eit foreldremøte skal arrangerast i forkant av kvar sesong der denne planen vert punktvis
gjennomgått
•
Aktivitetsnivå: Minimum 2 treningar i veka gjennom heile sesongen.
•
Kampar kjem i tillegg.
•
Trenaren skal ikkje nytta rusmiddel i samband med trening og kamp
•
Trenaren skal vera ute i god tid og gjera klart til treninga. Sjekka at utstyret er i orden – ballar pumpa,
vestar, kjegler.
•
Trenaren skal tilretteleggja for morosame og varierte treningar. Hugs at dette stimulerer til meir
fotballeik utanom organiserte treningar.
•
Treningsopplegget skal vera i tråd med retningsliner som er omtale under «Osteøryspelaren»
•
Trenaren skal samarbeidd tett med årskullansvarleg og dei andre trenarane på årskullet
•
Trenaren skal gje mykje ros, kritiser aldri. Jobb for å skapa eit godt miljø der det er lov å feila
•
Trenaren skal kommunisera på nivået til borna
•
Trenaren skal ha ein roleg og trygg, men klår framtoning. Sinne og skriking førar liten veg
•
Topping skal ikkje førekoma
•
Trenaren skal la spelarane rullera på posisjonar
•
Trenaren skal stilla i treningsutstyr i trening og kamp
•
Trenaren skal føra treningsoppmøte. Dette i hovudsak for at klubben skal identifisera antall spelarar
for påmelding av antall lag.
•
Trenaren vert rådt til å møta opp på trenarforum
Side 15 av 59